Folk Tale

Den misforståtte fuglen

Translated From

Den grimme ælling

AuthorH.C. Andersen
Book TitleEventyr
Publication Date1844
LanguageDanish

Other Translations / Adaptations

Text titleLanguageAuthorPublication Date
Het lelijke jonge eendjeDutchAnnelies van Hees_
Das hässliche junge EntleinGerman__
Il brutto anatroccoloItalian__
Ang Pangit na Munting BibeTagalog__
To aσχημο παπακιGreek__
Гадкий утёнокRussian__
Çirkin Ördek YavrusuTurkish__
O patinho feioPortuguese__
El patito feoSpanish__
Sang Itik Yang Buruk RupaIndonesian__
Грозното патенцеBulgarian__
The ugly ducklingEnglishH. P. Paull1872
Brzydkie KaczątkoPolish__
Гидке каченяUkrainian__
Le vilain petit canardFrench__
Răţuşca cea urâtăRomanian__
Ang Malaw-ay nga Diutay nga BibiHiligaynon__
L'aneguet lleigCatalan__
Ruma ankanpoikanenFinnish__
Škaredé mláděCzech__
LanguageNorwegian
OriginDenmark

På ein gammal gard ein stad budde ein andefamilie. Det var sommar, kornet var blitt blasst gult, havren stod grøn og høyet stod i høystakkar i dei grøne engene. Storken hadde komme tilbake frå Egypt og gjekk og spankulerte på lange bein mens han speida etter frosk. Rundt åker og eng stod store skogar og midt i skogane låg djupe vatn. Det var godt å vere til for den som ikkje var frosk framfor stork.

Midt i garden stod ein stort hus med djupe kanalar rundt. Like ned til vatnet i kanalane voks det høge, bladrike plantar. Dei stod tett i tett. Ein stad under dei låg ei and på reiret sitt og skulle ruge ut andungar. Endelig tok det til å knakke frå egga, og kyllingar stakk hovuda ut. "Kvakk, kvakk, kvakk", sa ho mens andungane skunda seg heilt fri av eggeskala sine og såg seg om under dei frodige plantane.

"Kor stor verda er! Kor mykje plass!" sa dei.

Andemor sa: "Verda er enda større; ho strekker seg av stad på hi sida av hagen og like inn i ei mark og kanskje enda lenger enn eg har vore."

Ho rette seg opp og flaksa litt mens ho talde opp kyllingane. "De er her vel alle saman? – Nei, sannelig, der ligg det att eit egg. Det største!" Så la ho seg på egget og stønna, "Det tar så lang tid med store egg!"

Ho såg tilfreds over dei herlege andungane sine mens ho låg og ruga. Då kom ei gammal and forbi og gav råd. "La meg sjå det egget du ligg på", sa ho. "Kanskje det er eit hønseegg. Eg sjølv blei ein gong narra til å ruge ut hønekyllingar, og dei ville slett ikkje ned i vatnet med meg, same kor eg snadra og streva. Kor fælt det var! Nei, la meg sjå egget. Ja det er nok ikkje eit andeegg, så la det berre ligge, og lær ungane dine å svømme bakom deg!"

"Eg vil likevel ligge på store-egget litt til", sa andemor. "Har eg lege så lenge, kan eg vel klare å ligge til ungen kjem ut."

"Gjer som du sjølv vil", sa den gamla anda og vralta vidare.

Endeleg høyrde andemor nokon som kakka og skrapa i eggeskalet og skulle ut. Kakk, kakk, kakk! sa det like til eggeskalet rivna. Ut kom ein diger, gråfjøra fugleunge kavande og veltande.

"Men så rar han ser ut", syntest andemor og blei mismodig. "Fjøra skal då vere gule, og så diger som han er! Ingen av dei hine ser ut slik. Det er vel ikkje ein grå hanekylling som ikkje vil i vatn? Vel, det skal vi snart få sjå: i vatnet skal han, om eg så skal sparke han uti!"

Neste dag var det herleg vêr. Sola skein så dei vide blada over dei nesten lyste i mange grøne fargar. Andemor kom fram med heile familien sin nedved kanalen. Ho hoppa i vatnet med eit plask, og den eine andungen etter den andre plumpa uti etter ho. Vatnet slo ein augeblink over hovuda deira, men dei kom opp att på ein blunk og skvetta og flaut så fint. Beina deira padla mest av seg sjølve. Alle var til slutt uti og følgde etter andemora. Den grå ungen svømte med, han også.

"Nei, han er ingen hanekylling!" sa andemor. "Sjå kor bra han padlar med føtene og kor rank han held seg! Det er ungen min, det! Eigentleg er han ganske fin når ein får sett godt på han - Kvakk, kvakk! Kom no med meg, så skal eg ta dykk med ut i verda og vise dykk fram for alle i andegarden. Men hald dykk nær meg heile tida så ingen trakkar på dykk, og pass dykk for katten."

Så kom dei inn i andegarden. Der inne var det to familiar som kakla og nappa seg imellom over eit ålehovud som alle ville ha, men som pus tok til sist.

"Ja, slik går det stundom til i verda", sa andemor. "Sett no beina breitt ifrå kvarandre og vagg fram til den fornemme, gamle anda der borte og hels med nokre bukk og kvekk så ho kjennest ved dykk alle."

Det gjorde dei. Men dei andre endene ville ikkje ta imot fleire i andegarden. Dei sa ganske høgt, "Enda eit kull! Som om vi ikkje er mange nok om maten og goda frå før! Og fy kor gale – den eine ungen er ikkje gul som dei hine, og altfor stor!" Dei gjekk til åtak på ungen og ei av endene klypte han miskunnlaust i den lange nakken.

"La ungen min vere", sa andemor med sinte kvekk, "han gjer då ingen noko gale!"

"Ja, men han er for stor og annleis", sa anda som klypte, "og for det skal han ha bank!"

Då sette den fornemme, gamle anda i, "Det er jo vakre barn mora har! Alle så nær som ein. Han er ikkje godt gjort. Skulle ønske du kunne gjere han opp att."

"Det går ikkje", sa andemor. "Han ser kanskje ikkje vakker ut, men han har godt lynne og svømer like så bra som nokon av dei hine, ja, enda betre! Eg tenker han veks seg vakker. Han har lege så lenge i egget. Han blir kan hende som oss andre etter kvart." Og så pilla ho han i nakken og glatta fjøra hans. "Han er ein hann, og eg vil meine han nok skal slå seg gjennom, stor og sterk som han er."

"Dei andre ungane gjer det godt å sjå på", sa den gamle anda. "Ver no som heime. Og finn de eit ålehovud, så kan de komme til meg med det."

Og dermed var kullet til andemor godtatt, alle utan ein. Han blei klypt av både endene og hønsa nær ved andegarden. "Han er for stor", sa alle. Sjølv den nifse kalkunen på garden bles seg opp framfor han. Ungen visste ikkje kor han kunne få stå og gå, og blei tung til sinns og lei av alt saman. Det blei berre verre etter som dagane gjekk. Endene klypte han fælt, og jamvel jenta som skulle gi fuglane mat der på garden, dytta han vekk med foten. Han blei jaga av alle, sjølv dei hine i kullet hans. Dei sa ofte, "Om berre katten tok deg." Sjølv andemor tok etter kvart til å kvakke som dei hine. "Om du berre drog din veg", sa ho.

Ein dag sparka matjenta til han med foten fordi han stod i vegen. Det gjorde vondt også. Då sprang og flaksa han over hekken. Småfuglane i buskene fór forskrekka i vêret. "Det er fordi eg er så stygg", tenkte fugleungen og lét att auga mens han sprang over ei mark og ut i våtmarka bakom. Der var det villender. Her blei han heile natta, trøytt og trist.

Om morgonen flaug villendene opp, og såg den nye i flokken. "Kva er du for ein?" spurde dei. Fugleungen bukta halsen, spreidde vengane og let dei sjå over han. "Du får ikkje gifte deg inn i familien vår, slik du ser ut", varsla dei. Han hadde ikkje tenkt på giftemål i det heile, han ville berre ligge i ro i sivet og sippe vatn, han.

To dagar etter kom to villgassar farande. Det var ikkje lenge sidan dei hadde komne ut av egga, men tenkte han var trekkfugl, han som dei. Dei ville ha han med til eit tjern like ved, for der var det søte villgjæser som han sikkert kunne gjere lykke hos, sa dei.

"Bang, bang", sa det i det same, og begge villgassane fall saman i vatnet, skotne. Vatnet blei blodraudt mellom siva.

"Plaff", kom det att, og heile flokkar med villgjæser flaug opp frå sgøymestadene sine i våtmarka. Det knalla om og om att. Jegerar låg på lur og skaut til ein tynn dis med lysblå krutrøyk låg mellom tre og busker. I gjørma kom jakthundar plaskande. Rør og siv svaia vilt der dei kom. Fugleungen vende hovudet attover og ville gøyme det under vegen, forferda og urøynd som han var. Men då fekk han auge på ein gardshund med tunga langt ut av kjeften. Auga skein farleg mens hundegapet nærma seg halsen. Fugleungen såg opp i farlege tenner som skulle til å bite – men så sprang hunden tilbake til herren sin: han hadde kalla hunden til seg, og då skulle hunden lystre, elles . . .

"For eit hell", tenkte fugleungen og låg heilt still mens hagl suste i siva og det knalla skot på skot. Først langt utpå dagen blei det stilt. Fugleungen torde enno ikkje reise seg, men venta i mange timar til før han såg seg omkring. Så skunda seg han orka vekk frå våtmarka. over marker og enger. Det bles motvind, så det var eit strev å komme framover.

Mot kvelden kom han til ein fattig, liten gard. Vinden var så kraftig at fugleungen laut sette seg for ikkje å bli tatt av vinden, og vinden bles hardare etter kvart. Då såg ungen at husdøra hadde blitt slått skeiv av stormkasta, så han kunne smyge seg inn gjennom dørsprekken og gøyme seg vekk.

Innanfor var ei gammal kone med katt og høne. Katten kunne krumme ryggen og male, og når kona klappa han, kunne det gneistre av av han også. Høna kunne legge egg, og kona heldt av dei begge.

Neste morgon fekk dei auge på fugleungen som hadde komme. Katten tok til å male og høna tok til å klukke.

"Kva for noko?" sa kona og såg seg omkring. Men ho såg ikkje godt, og trudde at fugleungen var ei feit and som hadde forvilla seg i stormen om natta. "Det var ein sjeldan fangst", sa ho. "No kan eg få andeegg om det berre ikkje er ei hannand. Det vil vi få sjå med stunder."

Så fekk fugleungen bo der, men etter tre veker var det ikkje komne nokon egg. Katten og høna tok til å halde fuglen for mindre verdt enn seg sjølve, for det kom ikkje gneistar, purring eller egg ifrå han. Fuglen sette eg jamt i ein krok, og blei etter kvart i dårleg humør, men ikkje så han gneistra. Så kom han til å minnast den friske lufta ute, og solskinet, og tok til å lengte etter å flyte på vatnet. Til sist kunne han ikkje halde seg, men fortalde høna korleis han hadde det.

"Kva går det av deg", sa ho. "Legg egg eller mal, så går det vel over." "Men det er så godt å flyte på vatnet", sa fugleungen, "så herleg å få det over hovudet og dukke ned mot botnen."

"Hm, du er vel blitt galen", sa høna. "Katten er den klokaste eg kjenner. Spør han om han held av å flyte på vatnet eller dukke ned i det. Eller spør den gamle kona, som er enda klokare. Trur du ho har lyst til å flyte og få vatn over hovudet?"

"De forstår meg visst ikkje", sa fugleungen.

"Om vi ikkje forstår deg, kven skulle forstå deg då? Her får du snadre i ei varm stue og har kjente du kan lære av. Eg vil deg berre vel: legg egg og få fram gneister."

"Eg trur eg heller får dra ut i den vide verda att", sa fugleungen.

"Berre gjer det", sa høna.

Så gjekk ungfuglen sin veg. Han kunne flyte på vatnet og dukke ned i det, men aleine var han; han blei ikkje likt av andre fuglar som var der. No kom hausten. Blada i skogen blei gule og brune, vinden tok tak i dei så dei dansa omkring, og høgt oppe i lufta såg det kaldt ut. Skyene hang med tunge hagl og snøflak, og på gjerdet stod ramnen og skreik, "Klonk, klonk!" i kulda. Ungfuglen var aleine og hadde det slett ikkje godt.

Ein kveld sola gjekk ned, kom ein stor fugleflokk ut av buskane. Fugleungen hadde ikkje sett slike fuglar før, så skinande kvite, med lange, smidige halsar. Det var svaner. Det kom slike nådige lydar ifrå dei når dei spreidde dei lange vengane sine og baksa med dei. Dei førebudde seg til å fly til varmare stadar der vatna ikkje fraus til, men mest alt det gådde han ikkje.

Dei steig høgt, høgt i vêret, så høgt at fugleungen blei nesten skremd av synet. Han strekte halsen høgt opp i lufta mens han såg etter dei, og samtidig kom eit gakk frå han, eit som var like eins som songen han hadde høyrd frå desse gilde fuglane. Han gløymde dei ikkje mens han dukka ned til den gjørmete botnen av vatnet han pla svømme i. Han visste ikkje kva slags fuglar det var eller kor dei skulle fare hen. Han fatta ikkje slikt. Det han tenkte mest på, var endene som ikkje ville vite av han. Om dei berre ville tolt han mellom seg!

Vinteren kom med kulde og meir kulde. Fuglen fraus nesten inne i isen som tok til å dekke vatnet. Det knaka i isskorpa. Ho kom nærare og nærare, og til sist blei han fastfrosen mens han låg og kvilte i ei råk.

Tidleg neste morgon kom ein gardbrukar og såg fuglen. Han våga seg ut på isen og kakka hol i han med ein tresko rundt fuglen, og så bar han fuglen med seg heim til kona. Der blei fuglen oppliva. Barna ville leike med han, men han trudde dei ville skade han, og sprang forskrekka opp i eit fat mjølk som stod framme, og kava så mjølka skvetta omkring. Han flaksa opp i eit trau med smør i, og så velta han like godt ei tønne mjøl på toppen av det heile mens han flaksa og skreik. Kona skreik også, og klappa hendene saman. Og barna sprang etter for å fange han. Dei lo og hoia. Det var godt at døra var open. Fuglen fór ut mellom buskene, men ganske snart låg han stille i nysnøen og kura, nesten som i dvale.

Han kom seg gjennom vinteren i sivet i våtmarka så vidt det var, like til sola tok til å skine varmt igjen og vårfuglar song. Det blei mykje meir mat å finne, så den før avkrefta fuglen gav seg til å bruse med vengane og flakse sterkt. Ein dag letta han. På ein blunk var han i ein stor hage der epletrea stod i blom og syrinen anga søtt og godt. Der, like framfor han, var tre kvite fuglar, slike som han hadde sett fly vekk i flokk før vinteren kom. Dei vagga mot vatnet, bruste med fjøra og flaut så lett. Han ville gjerne bort til dei, men var fælt trist samtidig.

"Eg vil så gjerne fly bort til desse fuglane. Men enn om dei vil klype meg i hel, slik andre fuglar har gjort?" Til sist greidde han likevel ikkje la vere; han flaug ut i vatnet og svømte bort til dei kvite fuglane. Dei blei var han og kom fort bort til han med brusande fjør.

Ungfuglen bøygde hovudet og venta det verste. Då såg han spegelbiletet sitt i vatnet: han var ikkje grå lenger, men kvit over det heile bakom nebben og auga. Dei kvite fuglane svømte omkring han og strauk han med nebben. I det same kom det nokre små barn inn i hagen. Dei kasta brød og korn ut i vatnet, og den minste ropte: "Der er ei ny svane!"

Barna klappa jublande i hendene og dansa rundt, sprang og henta far og mor. Dei kasta brød og kake ut i vatnet til fuglane og sa, "Den unge nye er gild, han også."

Ungfuglen var no sikker på at han heitte svane, og det var ikkje så ille. Han bruste med fjøra, ranka seg og brast ut i song på svaners vis:

"Eg er jo svane,

og ikkje and av vond og stusslig vane!

Før var eg ør, men no ei svane med kvite fjør -

eg trur eg tør."


Text view